Abstract
Denne oppgåva er primært ein kartleggingsstudie av profesjonell myndigheitskontakt i Noreg i 1999. Definisjonen som er lagt til grunn for profesjonell myndigheitskontakt er som følgjer:
Profesjonell myndigheitskontakt er ein transaksjon der ein tredjeperson vert betalt for å (freiste å) påverke utfallet av offentlege vedtaksprosessar i ei retning som er fordelaktig for betalar. Påverknaden kan vere både direkte og indirekte. Denne tredjepersonen står ikkje i eit fast arbeidsforhold til betalar.
I oppgåva vert det lagt vekt på å kvantifisere sentrale sider ved profesjonell myndigheitskontakt i ti PR-føretak. Mellom anna vert det sett på kva omfang profesjonell myndigheitskontakt har i desse føretaka (omsetning og tal på oppdrag), kven som er kjøparar av tenestene og kva målgrupper for påverknad som vert kontakta.
I tillegg til kvantitative data er det gjennom intervju samla inn data av meir kvalitativ karakter. Dette er gjort for å kunne gje eit meir utfyllande bilete av fenomenet profesjonell myndigheitskontakt.
Hovudfunna i oppgåva er at det i dei ti føretaka utvalet vart omsatt tenester knytt til profesjonell myndigheitskontakt for om lag 40 millionar kroner i 1999. Dei klart største kjøparane av slike tenester er private føretak og næringsorganisasjonar. Stortinget, sentraladministrasjonen og media er dei målgruppene for påverknad som vert oftast kontakta i samband med oppdrag.