Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:27:48Z
dc.date.available2013-03-12T09:27:48Z
dc.date.issued1995en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationUlstein, Mari Kristina. Katalonia. Hovedoppgave, University of Oslo, 1995en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13714
dc.description.abstractKATALONIA, EIN EUROPEISK REGION I SPANIA. Temaet for denne oppgåva er regionalisme. Regionalisme er nemninga på dei nasjonalismerørslene der målet for den regionale mobiliseringa avgrensar seg til kravet om autonomi og ikkje til kravet om statsdanning. Den katalanske regionalismen er ikkje eit uttrykk for eit separatistisk nasjonalistisk program. For Katalonia har EU blitt eit verkemiddel for å skape større avstand til dei sentrale styresmaktene. Formålet med oppgåva har vore å granske nokre årsaker til at den spanske regionen Katalonia orienterer seg mot det overnasjonale avgjerdslenivået i EU for å nå den nasjonalistiske målsetjinga om meir autonomi. Og ei forståing av katalansk regionalisme kan ein få ved å studere interne sosiopolitiske forhold i Spania. For å kome fram til eit forklaringsreiskap har eg valt å ta utgangspunkt i to teoretiske innlegg. Det eine er Michael Keating (1985) som ser på årsaker til at einingsstatar desentraliserer. I mangel på ein utvikla teori om regionalstyring i Europa, utviklar Keating sin teori ved å framheve ulike sider ved føderale ordningar, lokalstyre og mellomstatlege relasjonar. For å finne utgangspunktet for at ein stat regionaliserer, peikar han på ulike forhold, der konfliktliner i systemet er eitt av dei. Stein Rokkan sin modell er sentral for å studere konfliktliner. Ved å sjå på konfliktforholdet mellom dei sentrale styremaktene og Katalonia har eg funne ut meir om den politiske, kulturelle og økonomiske avstanden mellom sentrum og periferi, og på kva implikasjonar dette har for valet av europeisk orientering som nasjonalistisk strategi. For den vidare utviklinga av problemstillinga har eg sett vidare på to interne sosiopolitiske tilhøve i Spania. Det eine er forhold og hendingar i den spanske regionaliseringsprosessen, det andre er kjenneteikn ved den katalanske nasjonalistiske rørsla, katalanismen. Den spanske regionaliseringsprosessen er dei politiske og strukturelle endringane som Spania opplevde etter regimeskiftet i 1975. Desse endringane førte til at ein fekk ein desentralisert statsstruktur i Spania. Eg har villa sett om forhold og hendingar i løpet av denne prosessen kan ha skapt bakgrunnen for at konfliktane mellom det politiske sentrum og regionen Katalonia ikkje blei løyste. Meir konkret har eg vore interessert i å finne ut om dei sentrale styresmaktene si handtering av det som i Spania blir kalla for "det regionale problem" har vore ei medverkande årsak til at Katalonia i dag ser EU som eit verkemiddel for å oppnå meir autonomi. Vidare har eg tatt føre meg framveksten av katalanismen og korleis den artar seg i dag, både som ideologisk rørsle, men og som kulturell, identitetsberande rørsle. Eg har sett nærare på årsakene til at Katalonia mobiliserte mot sentrum, kjenneteikna ved det ideologiske grunnlaget for dagens katalanisme og det sosiologiske grunnlaget for den regionale mobiliseringa.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskap regionalisme DEWEY: politiske forhold:Spania:en_US
dc.titleKatalonia : ein europeisk region i Spania : indre årsaker til Katalonia si europeisk orienteringen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorUlstein, Mari Kristinaen_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Ulstein, Mari Kristina&rft.title=Katalonia&rft.inst=University of Oslo&rft.date=1995&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-35714
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo247en_US
dc.identifier.bibsys951981625en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata