• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
  • Institutt for geofag
  • Institutt for geofag
  • View Item
  •   Home
  • Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
  • Institutt for geofag
  • Institutt for geofag
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Elvelandskap og inngrep : Klassifisering og analyse av Glomma

Kleivane, Ingeborg
Master thesis
View/Open
kleivane_master.pdf (3.573Mb)
Year
2005
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-11753

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Institutt for geofag [1374]
Abstract
Hovudmålet med oppgåva har vore å lage ein metode for å klassifisere elvelandskap. Elvelandskap er definert som planmønster saman med naturtypen på elvebreidda. Hovudverktøyet skal vere M711-kartserien, og støtteverktøy vil vere flybilete, nivellement og synfaring. Glomma, frå utløpet av Aursunden ned til Kongsvinger, er valt som testvassdrag. Resultatet av klassifiseringa vil bli presentert i kart.

Resultatet av analysen vil vere ei vurdering av alle strekningane, om nokon har liten grad av påverknad frå sikringstiltak som NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har gitt tilskot til. Informasjon om sikringstiltaka vil bli henta frå NVE Atlas, som er eit kartverktøy på internett der NVE presenterer ulike hydrologiske data. For å gjere denne analysen, vil arbeidet til Voksø og Homstvedt (1996) bli nytta og resultatet av denne analysen er presentert i kart. Det vil også bli gitt ein kvalitativ vurdering av grad av påverknad frå inngrep i nokre av strekningane som ikkje har registrerte sikringstiltak.

Testvassdraget blei delt inn i 78 strekningar med 21 forskjellige elvelandskapstypar. Den mest vanlege elvelandskapstypen i testvassdraget er nr. 6 – anastomose med elveslette, barskog og jordbruk. Det var 24 strekningar som ikkje hadde registrerte sikringstiltak. Av desse 24 er nokre strekningar vurdert som lite eller middels påverka av inngrep.

Verdien av elvelandskap er også diskutert. Ikkje berre verdien av elvelandskapet i seg sjølv, men også verdien av det å klassifisere elvelandskap. Klassifiseringssystemet kan nyttast til å kartlegge verdiar i vassdragsmiljøet som er sårbare for inngrep.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy