Abstract
Innanfor E18 Langangen–Lanner-prosjektet vart det i 2020 grave ut fire lokalitetar (ID 222339–222342) nedanfor toppen av Blåfjell lengst sør på Sundsåsen. Dei fire lokalitetane, kalla Blåfjell 1–4 (frå høgast/eldst til lågast/yngst), låg mellom ca. 40 og 60 moh. og er datert til ulike delar av mellommesolitikum og seinmesolitikum, med hovudbruksfasar mellom ca. 7800 og 5200 f.Kr. Enkelte gjenstandsfunn og C14-resultat tyder også på bruk av området i neolitikum. På alle fire lokalitetar vart det i tillegg avdekka kokegroper/eldstader frå eldre jernalder. Gjenstandsmateriale og prøvar frå utgravingane av lokalitetane er tilvekstført under C-nummer 62935–62938. Registreringsfunna er katalogisert under C61033–61036. Frå utgravingane av lokalitetane føreligger det til samen ca. 23.900 gjenstandar av flint og andre steinsortar. Eit omfattande prøvemateriale kommer i tillegg. Totalt føreligger det 57 radiologiske dateringar utført på trekol, brent hasselnøttskal og brente bein. Av disse faller 38 dateringar innanfor steinalderen. Lokaliteten Blåfjell 1 (ID222339) vart undersøkt i perioden 11. mai–21. august 2020. Lokaliteten låg i kupert og slakt skråna terreng, i ein nord-sørgåande dalgang. Her vart det påvist eit busetnad-/aktivitetsområde frå mellom- og seinmesolitikum fordelt på to avgrensa flater, 57–61 moh. Aktivitetsflatene kan karakteriserast som funnkonsentrasjonar med kokegroper. Den største flata (>36 m2) fanst på ein sentral terrasse og den andre (ca. 20 m2) på ei mindre kupert flate i sørvestleg ende av lokaliteten. I tillegg vart det påvist eit funnførande område i ytterkant av lokaliteten i nord. Det samla omfanget var omtrentleg 930 m2. Om lag 164 m² (17,61 %) av arealet vart flate-/rutegrave hovudsakleg i inntil to mekaniske lag (<0,2 m). Det vart samla inn 2275 steingjenstandar, inklusiv ni flintgjenstandar frå registreringa til Telemark FK. Totalt var 98,5 % av steingjenstandane av flint og elles av sandstein og ulike basaltar. Av gjenstandsfunna var 3,8 % identifisert som sekundært tilverka steingjenstandar. I tillegg vart det katalogisert 19 prøvar av trekol og eitt funn av hasselnøttskal. I alt har sju vitskaplege material fått vedanatomisk analyse og åtte er C14-analysert. Den mest omfattande aktiviteten er tidfesta ved hjelp av typologi/teknologi, to C14-dateringar og strandlinjedatering, til første halvdel av mellommesolitikum, ca. 7800–7200 f.Kr. Lokaliteten har truleg vore besøkt fleire gonger i tidsrommet når lokaliteten var strandbunden. Utover dette kunne C14-datering av ei kokegrop vise til mykje seinare besøk, ca. 6000–5700 f.Kr, i seinmesolitikum. I tillegg er ein eldstad C14-datert til folkevandringstid (415–545 e.Kr.). Lokaliteten hadde til dels gode bevaringstilhøve, men ei etterreformatorisk kolmile hadde forstyrra ein sentral del av aktivitetsområde frå steinalder.
Prosjektleder: Steinar Solheim.