Abstract
Oppgåva undersøkjer kulturarvsproduksjon og kulturarvsformidling gjennom den digitale tenesta VirtueltMuseum. Museum og kulturarvsektoren er prega av eit auka fokus på formidling gjennom digitale løysningar, blant anna for å gjere samlingar meir tilgjengelige for eit større publikum, og lage målretta innhald som engasjerer. Plattforma VirtueltMuseum vart nylig lansert med dette formål. Dei ulike formidlingsformata som tilbys her skal være eit tilbod både for publikum og for museumssektoren. Eg vil nytte Alke Gröppel-Wegener og Jenny Kidd sitt rammeverk «layers of experience» for å undersøkje korleis ulike lag av sjangrar bygger ei heilskapleg digital oppleving, med fokus på 3D utstillinga «Se meg dypt inn i linsen». I forståinga av dette vil eg vektlegge korleis ulike lag kan gje sensoriske og emosjonelle responsar hos publikum. Undersøkinga belysar ulike perspektiv på moglegheiter og utfordringar ved digitale kulturarvsopplevingar og formidling. Eg vil ta for meg produksjonsprosessen av utvikling av den digitale opplevinga, ved på inkludere perspektiv frå prosjektgruppa, testbrukarar, samt eigne observasjonar og tolking av utstillinga. Deltaking er eit sentralt omgrep innan digitale formidlingsdiskursar. Materialet eg tek utgangspunkt i belyser ulike former for deltaking, og eg vil vidare argumentere for at deltaking kan forståast på ulike måtar gjennom ulike diskursar. Ved å trekke inn materialitetsteori, vil eg undersøkje korleis utstillingsgjenstandar i form av kulturhistoriske fotografi potensielt kan ha agency og performans, for å introdusere alternative perspektiv på kva deltaking kan innebere. Dette kan også gje ei utvida forståing av korleis gjenstandars materialitet påverkar rammeverket for opplevinga av 3D utstillinga i ei heilheit.